• Hjem
  • Nyheter/utlysninger
  • Om BIT
    • Vedtekter BiT
    • Kontakt
    • Styrer og utvalg
  • Medlemmer i BiT
  • Medlemskap
  • Lenker

Naturen i oss – Sommarutstillinga på Kunstlåven i Seljord

Picture
​Velkomen til «Naturen i oss» på Kunstlåven i Seljord.

Utstillinga er ein del av den tradisjonsrike sommarutstillinga i Seljord, og er laga i samarbeid mellom Seljord Kunstforening, Husflidslaget og Billedkunstnerne i Telemark.

«Naturen i oss» samlar 13 kunstnarar og viser eit breitt spenn av uttrykk, teknikkar og kunstnarlege tilnærmingar – frå måleri, grafikk og tekstil til foto, video, skulptur og installasjon.

Inngangsbillett for å sjå utstillinga og program: 150 kr. 

Med tittelen «Naturen i oss» opnar utstillinga for ulike refleksjonar kring forholdet mellom menneske, landskap, kropp, minne og omgjevnader. Kva ber vi med oss av naturen, og korleis formar naturen måten vi ser, sansar og lever på?

Kunstnarar:
Anne Stabell
Vebjørn Guttormsgaard Møllberg
Ellen Henriette Surhke & Hilde Skevik
Arne Svalastog
Philipp Dommen & Torhild Grøstad
Hilde Dølheim & Stine Gonsholt
Mona Grini
Sigvei Ringvold
Meta Norheim
Marilyn Ann Owens

Utstillinga er open kvar dag i juli kl. 11.00–17.00, også 1. juli.

Utstillinga er ein del av KUNSTREISE SELJORD, så inngangsbilletten kan også brukast på Nutheim og Bull Holte kunstmuseum same dagen.

Opningsprogram:

1. juli kl. 18.00 er det opningsprogram for sommarutstillinga på Kunstlåven. Kunstsosiolog Dag Solhjell held opningstalen, og gitarist Markus Lirhus står for det musikalske. Det blir òg servert feitegraut frå Åmotsdal, inkludert i prisen.

Inngang til opningsprogrammet: kr 150,-

Er du nysgjerrig på andre utstillingar og arrangement på Kunstlåven i sommar? Sjå meir på nettsida vår:
www.seljordkunst.no

Me håpar å sjå deg på Kunstlåven i sommar!

Sommerutstilling og seminar 1. juli på Kunstlåven i Seljord!

Fra aksjonen 2024
Sommerutstilling og seminar med Mariken Lauvstad 1. juli!
​1. juli åpnes sommerutstillingen «Naturen i oss» i Kunstlåven i Seljord. Den er et samarbeid mellom Seljord Kunstforening, Husflidslaget og BiT.
Samme dag skal vi ha et seminar! Seminaret vil ta utgangspunkt i boken «Kampen om Kunsten» av Mariken Lauvstad, 
​Les mer her

Billedkunstnerne i Telemark, BiT

© COPYRIGHT 2015. ALL RIGHTS RESERVED.
  • Hjem
  • Nyheter/utlysninger
  • Om BIT
    • Vedtekter BiT
    • Kontakt
    • Styrer og utvalg
  • Medlemmer i BiT
  • Medlemskap
  • Lenker